Garborgreisa

 

Bli med på ei spennande reise på Jæren, i Arne Garborg sitt rike. Dette er ei oppleving der du får både nyte det fantastiske jærlandskapet samt bli nærmare kjent med sjølvaste Arne Garborg. På Jæren var han fødd, og her bygde han diktarstova si. Kjente verk som Knudaheibrev og I Helheim er skrivne her, og stova ligg i landskapet han såg føre seg då han skreiv Haugtussa.

 

Garborgreisa startar på det moderne Garborgsenteret i Bryne sentrum. Her kan du utforska diktarparet Arne og Hulda sine liv, verk og verdiar. Du kan snurra dikt, kvissa deg smart, bygga med ordklossar, finna visdom i døypefonten, leika med den snakkande kista, kosa deg i lyttestolane eller fordjupa deg i tekstane deira.

 

Etterpå  reiser du tilbake i tid. Ni kilometer frå Bryne sentrum ligg Garborgheimen, huset Arne Garborg blei fødd i og som han vaks opp i. Vidare går ferda til Høgjæren og skrivestova Knudaheio. Her står òg det kjente kunstverket «All denne vakre utsyn» på eit av Jærens beste utsiktspunkt.

 

I og ved Knudaheio og Garborgheimen finn du den digitale formidlingsløypa Garborgløypa. Ved hjelp av telefonen får du tilgang til ei litterær skattkiste i landskapet som inspirerte han. I filmar og lydspor møter du Veslemøy frå Haugtussa, Enok Hove frå Fred, diktaren sjølv – og du får nok nokre overraskingar òg.

 

Pris kr 70 per person.

 

*For dei som vil bli ekstra godt kjente med Arne og Hulda Garborg oppmodar me til å bestilla ein omvisar som vil følgja dykk på reisa. Prisen for dette er kr 2500. Tur med omvisar tek fire timar.

 

Google kart:

https://www.google.no/maps/dir/Hetlandsgata+11,+4340+Bryne/Garborgheimen,+Time/Knudaheio,+Undheim/@58.7076768,5.6465375,12z/data=!4m20!4m19!1m5!1m1!1s0x463a389e7f53ac91:0xd8ec550d7119b7ed!2m2!1d5.6511948!2d58.7339383!1m5!1m1!1s0x463a3f2016fdb45f:0x23cea8272f4259d1!2m2!1d5.7008743!2d58.6809533!1m5!1m1!1s0x463a3c19a09e302b:0x6f0a2370f11da530!2m2!1d5.7821248!2d58.6804672!3e0

Jærsk søndagsbuffet

Jærsk søndagsbuffet

Hver søndag
fra 13.00 til 17.00

Afternoon tea

Afternoon Tea og Champagnelunsj

Vi inviterer til Afternoon Tea og Champagnelunsj

Garborgreisa

Garborgreisa

Kulturopplevelse

for hele familien

Tilbud

Tilbud

Bo 3 netter,

spar 15%

Jærsk søndagsbuffet

Jærsk søndagsbuffet

Hver søndag
fra 13.00 til 17.00

Afternoon tea

Afternoon Tea og Champagnelunsj

Vi inviterer til Afternoon Tea og Champagnelunsj

Garborgreisa

Garborgreisa

Kulturopplevelse

for hele familien

Tilbud

Tilbud

Bo 3 netter,

spar 15%